Close
Du har ingen varer i handlekurven.
Søk

Helle Eggen

Produsent: Helle
Varenummer: 146610
GTIN: 7023892010752
kr 1 149,00
ggen er mykje av det Helle handlar om: eit fungerande bruksverktøy som er enkel på ein elegant måte. Det er difor ikkje så rart at den har vore blant Helle sine internasjonale bestselgarar dei siste 20 åra. Handtaket, som er forma av eit stykke handpussa og polert masurbjørk, har ein relativt kraftig fingerstoppar som gjer at Eggen fungerer fint både som tur- og jaktkniv. Handtaket er stort nok til at dei fleste hender finn eit komfortabelt grep, mykje på grunn av den betydelege "magen" på undersida av handtaket. Bladet i laminert Helle-stål er relativt stort med tanke på kniven sin totale vekt, og har ein liten "drop-point" som gjer at kniven også kan brukast til snitting i tillegg til kutting og spikking. Eggen er slik ein allroundkniv av aller beste merke - her får ein mykje kniv for pengane. Kniven kjem med ei slire i brunt vegetabilsk lær og belteoppheng.
Tilgjengelighet: På lager
+ -
*
*
*